Aktivitetar og opplevingar!
Hyttene våre finn du 30 km nord for Haugesund.
Områda mellom Stavanger, Bergen og Hardangervidda rekk du godt å
bli kjendt med på dagsturar.
I kommunen vår Sveio, finn du bland anna Ryvarden Kulturfyr. Fyret er i
dag automatisert og bygningane vert nytta som galleri og kafe, dette
er blitt ein svær populær utfartsplass. Les meir om Ryvarden
.
Heimen til Fartein Valen ligg ca 5. min biltur frå hyttene våre.
"Kirkegården ved havet" er ein gamal kolerakirkegard som ligg
heilt ut mot Bømlafjorden. Den er nok mest kjent gjennom komposisjonen
til Fartein Valen ved same namn. Inspirasjon til dette stykket skal han ha fått
ved besøk her ute.
I dag er her oppmerka turløype ut til gravplassen.
Fotturar.
Me har mange fine oppmerka turløyper i nærområdet vårt.
Desse går til fjells, der du har ein fantastisk utsikt over naturen i Sunnhordland.
Golf.
Hausten 2000 opna Sveio sin fine golfbane, i dag er dette
ein 9 hols bane, men arbeidet med å utvide til 18 hol er i gang. Banen ligg i eit utmarsområde
i Sveio, og mange meiner dette er ein av landets finaste banar. Du når denne med ein biltur på ca. 20 min. frå
hytten. Er du golf interessert så klikk deg inn her.
![]() |
Sjøfiske er utvilsamt
den mest populære aktiviteten. Båtplass har me ca. 500 m frå hyttene. Her ligg båtane våre. Dersom du ynskjer å ro, kan du det. Til alle båtane er der ein 9.9 hk motor, slik at du på ein 10 - 15 min er ute med dei gode fiskeplassane. Årstidene bestemmer litt kva fisk du får, vinteren (jan - mars) er for oss rekna som den gode tida for å fiske. Då kjem torsken inn frå Nordsjøen for å gyte, og på ein god dag kan ein få ei fin knippe fisk. Sei, lyr og hyse får ein mest heile året, makrellen kjem vanlegvis i juni/juli og er her til ut i september. Sild står inne i fjorden heile året. Er du heldig kan du kanskje få både steinbit og breiflabb. Skit fiskje! |
|
Blåbær og tyttebær veks like utafor hyttene. |
![]() |
| Eie. Utsikt frå båtplassen vår, mot den gamle handelsplassen på Liereid ein fin sommarkveld |